Vindafjord er ein næringslivskommune utanom det vanlege. Her finn ein alt fra små og mellomstore bedrifter til store og ledande bedrifter på landsbasis. Vindafjord har ein sterk gründer-kultur og samarbeidsvilje på tvers av bedriftene og som satsar på lokal forankring. Dette gir solide arbeidsplasser. Her finn du jobbmoglegheiter i mange varierte yrke.
+ mange mange fleire!
Vindafjord kommune har gode skule- og barnehagetilbod i alle dei ni bygdene. Det er også full barnehagedekning. Når ungdomsskulen er ferdig har ein også valg om to lokale vidaregåande skular i kommunen.
Idrettslaga i bygdene har mange ildsjeler som stiller opp for både små og store. Ski, fotball og handball er nokre av dei poplære tilboda som tilbys.
Mange nye og flotte anlegg er bygd i dei ulike bygdene, til glede for store og små.
Vindafjord er omgitt av flott natur. Her finn ein noko for ein kvar smak. Flotte turstiar i fjellet og idylliske destinasjonar som Romsa-øyane om du likar deg på sjøen.
Likar du deg på ski finn du også flotte skiløyper frå Opehim i Ølen eller Fjellstøl i Sandeid inn mot Olalia hytta. Her er også lysløyper for kveldsturar. Olalia er ein av mange populære turdestinasjonar heile året.
Olalia på ut.no
Les meir om friluftsliv i Vindafjord her
Vindafjord ligg midt mellom Bergen og Stavanger - med kort veg til Haugesund som er næraste by. Ved å bu i Vindafjord er du borte frå mas og jag i byen, samtidig som det er kort veg når du ønsker å kjenne på det urbane livet innimellom.
Byggesøknader går som ein draum i Vindafjord. Vindafjord Tomteselskap, kommunen, bank, byggefirma og fleire står klare til å hjelpe dykk i gang.
Me har tomter i alle bygdene i Vindafjord: Vikedal, Sandeid, Ølen, Ølensvåg, Vats, Bjoa, Vikebygd, Imsland og Skjold. Tomtene er frie, som betyr at du kan velge kva du vil byggje, kven som skal byggje og når du vil byggje.
Tomtene våre har fornuftige prisar som gjer det enkelt å etablere seg i kommunen. Medan du i byane gjerne må betale store summar for ei lita leilighet, kan du i Vindafjord få ein flott einebustad med hage til same pris.